På kursa er du som deltakar i fokus, personleg utvikling er målet! Gjennom forelesing, erfaringsutveksling, gruppearbeid og personleg oppfølging skal vi saman nå nye mål.
Kurs i Relasjonsleiing
For at ei plante skal vekse, må den ha gode vekstforhold, det same gjeld for ein god leiar. I Spire ønskjer eg å skape gode, dyktige og trygge leiarar. Gjennom relasjonsleiing har ein fokus på 24-timarsmenneske. Å sjå menneske i dette perspektivet gir motivasjon, auka prestasjonar, trivsel og betre resultat.
Gjennom eit kurs fordelt på 4 samlingar får du auka kompetanse med hovudtyngd i dette:
- Relasjonsleiing
- Relasjonskompetanse
- Prestasjonshjelp
- Kommunikasjon
- Konflikthandtering
- Motivasjon
Leiartrening
I kurset leiartrening tar ein utgangspunkt i sentrale tema som er viktige for å yte god leiing. Kurset går over 3 samlingar der følgande tema blir jobba med:
- Basis i relasjonsleiing
- Medarbeidarsamtale/samtaleteknikk
- Kommunikasjon
- Psykisk helse
- Konflikthandtering
- Arbeidsmiljø
- Sjukefråværsoppfølging
Kurs i medarbeidersamtale/samtaleteknikk
Inspirasjonsforedrag frå Spire:
- Kommunikasjon – så enkelt men så vanskeleg
- Leiing – kva gir best effektivitet
- Korleis bygge gode team
- Relasjonar, det viktigaste verktøyet
- Korleis bygge gode og langvarige relasjonar
- Stress less
- Flyt i jobb og kvardag
Dette kan kombinerast med ulike øvingar og leik, der gruppa kan utvikle gode relasjonar og jobbe godt som team.